Etablering
Organisasjon
Verksemder
Biografiar
Arkiv og brev
Utsmykking
DKNVS organisasjon og medlemmar

Medlemsmatrikkel (pdf): DKNVS sine medlemmar i perioden 1760-1960, ved Olaus Schmidt.

Medlemsveksten i DKNVS har alltid vore slik at eksisterande medlemmar har kome med framlegg om nye medlemmar. Dette blir så vurdert ut frå vitskaplege kriterie av selskapet. I dag er det strenge krav kompetanse for å bli medlem, og medlemsmassen skal ikkje overstiga ca. 500 personar totalt, fordelt på ein humanistisk og ein naturvitskapleg klasse. medlemskapet gjeld ut livet. For å gje plass til nye medlemmar, går dei som er over 70 år over i gruppa av ikkje-talde medlemmar.

I den første tida måtte nye medlemmar gje to bøker eller ti rksdalar til boksamlinga til selskapet. Jamvel om det alt frå byrjinga var eit selskap av og for lærde menn, var ikkje vitskaplege krav alltid føresetnaden for medlemskap. Velståande menn var ønskt vekomen som medlemmar, fordi selskapet trong midlar, gjerne vill e få utvida boksamlinga si, og etter kvart oppretta fron for å støtta vitskaplege prosjekt av ulike slag.

Møta var som no, opne. Aktiviteten var særleg stor dei første femti åra, til den vart noko mindre utover 1800-talet og blomstra meir opp att frå siste halvdel av hundreåret. Då var den i hovudsak retta mot boksamlinga som hadde vorte til bibliotek, og mot gjenstandssamlinga som hadde vorte museum. I 25-årsperioden 1902-26 senka Vitenskapsselskapet dei vitskaplege krava, og fungerte etter det meir som ei museumsforeining.

Omorganisering
I 1926 vart DKNVS Museet skild ut som eiga stifting med bibliotek og samlingar. Akademiet heldt fram som Vitenskapsselskapet, og med innvalde medlemmar basert på vitskaplege kriterie. I 1968 vart organisasjonane DKNVS Vitenskapsmuseet og Gunnerusbiblioteket overført til det nystifta Universitetet i Trondheim. Vidare vart gjenstandssamlingane og bygningane overførte til staten i 1984. I 2002 vart så akademi og stifting igjen samorganisert med sams styre, men heldt likevel fram som separate einingar. Legat, fond og eigendommar som før vart forvalta av direksjonen til museumsstiftinga, er etter 2002 forvalta av det sams styret.

Tekst: Unn Kristin Daling

 

Active Image
Gunnerusmedaljen i gull, baksida

 

Active Image
DKNVS segl i Generalforsamlings-protokoll I for 1768-1841

 

 

 
 
 
© 2006 DKNVS 2010