Etablering
Organisasjon
Verksemder
Prisar
Biografiar
Arkiv og brev
Utsmykking
Premieverksemda

Landhushaldningsselskap og premiesøknader
DKNVS vart pålagt av Kongen å driva eit landhushaldningsselskap etter mønster av Det Kongelige Danske Landhusholdningsselskab. Dette var ikkje populært til å byrja med då ambisjonen var ein heilt annan, mellom anna å få etablert eit universitet i Noreg. Likevel gjekk selskapet snart opp i arbeidet, og handsama søknader og delte ut premiar til bønder som hadde utmerka seg innan landbruk m.v. Premieverksemda vart gjort kjent blant folk mellom anna ved oppslag på kyrkjedører. Tiltaket i perioden mellom 1772 og 1848 resulterte i omlag 3000 søknader.

Kvinnelege søkarar og vevekunst
Blant søkarane var det kring 550 kvinner. Dei to største søkargruppene blant kvinner galdt veving og teneste. Stabil arbeidskraft var viktig. Tenestefolk som stod minst 25 år i tenesta, fekk difor høve til å få premie. Innan veving søkte 177 kvinner av totalt 208 søkarar, medan 273 kvinner av totalt 424 personar søkte om premie for lang og tru teneste. DKNVS premierte totalt tjueseks vevarar med sølvmedalje. Tjuefire av desse var kvinner. Beret Olsdatter Hilmoe i Tydal vart i 1805 premiert med fem riksdalar for lindyrking. Det ho likevel vart mest kjent for var veving av åklede, og døme på desse finst på Norsk folkemuseum. Elles ser det ut til at veving var den einaste verksemda kvinnelege søkarar vart premiert med sølvmedalje for, med eitt unntak. 

Feminine innslag på maskuline område
I 1834 vart ei kvinne premiert med ein sølvmedalje og ti spesidalar innan kategorien maskin. Ho heitte Maren Pedersdatter Sundet, budde i Melhus og var blandt dei ytterst få generelt og truleg den einaste kvinna som fekk både pengar og sølvmedalje på ein gong. I tillegg vart ho same året premiert med ti spesidalar innan kategorien veving. Premien innan maskin fekk ho for å ha konstruert ei vassdriven maskin for produksjon av lin. Av totalt 18 søkarar innan kategorien maskin vart halvparten premiert, men berre den kvinnelege søkaren fekk sølvmedalje. Maren P. Sundet måtte ha laga ei oppsiktsvekkande maskin ettersom at ho vart så godt premiert, og det attpåtil innan eit typisk maskulint arbeidsområde, eller kanskje nett difor?

Kultivering og sivilisering
Andre tradisjonelt maskuline verksemder der einskildkvinner søkte blant mange menn, var mellom kategoriar som husmannsplass, islandsmose, jordforbetring, lindyrking, metall – produksjon av sakser og liknande, rovdyr, steinhus, steingjerde, torvsanking og tresko. Innan desse verksemdene var det mange menn og sume kvinner som fekk premiar, men slett ikkje alltid fordi om dei søkte. I 1833 drap Ingeborg Ingebrigtsdatter Osvigen og Karen Hansdatter ein ulv med ein stein, kanskje på ei seter, i Holtålen i Sør-Trøndelag. Då kravet for å få premie var minst seks ulvar, kunne dei ikkje få noka form for påskjønning frå selskapet. Søknaden deira derimot, dokumenterer at òg kvinner medverka i denne forma for temming av villmarka og sivilisering av naturen etter dåtidas ideal gjennom utrydding av rovdyr.

Kvinnelege premiesøkarar (pdf)

Kjelder ved NTNU Universitetsbiblioteket i Trondheim: Monica Aase,  samt Spesialsamlingene og Premiedatabasen ved Gunnerusbiblioteket.

Tekst: Unn Kristin Daling

 

Active Image
Vevprøver sendt inn 1778 av Lisbet Svennes frå Biri

Kjelde: Universitetsbiblioteket i Trondheim, Billedsamlingen

Active Image
Vevprøver sendt inn 1781 av Sidsel Larsdatter Halseth frå
Vang i Hedemark

Kjelde: Universitetsbiblioteket i Trondheim, Billedsamlingen

 
 

 

 
 
© 2006 DKNVS 2010