Formidling
Naturhistorie
Arkeologi og Kulturhistorie
Seksjon for naturhistorie

Frå aristokratiske raritetskabinett til vitskaplege naturaliasamlingar
Initiativtakaren til Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab, biskop Johan Ernst Gunnerus (1718-1773) var generelt interessert i vitskap og særleg i naturvitskap. Han utarbeidde den første norske floraen, Flora Norvegica, og han grunnla ei samling av både gjenstandar, dyr og plantar. Noko av det samla Gunnerus sjølv, andre ting nærmast truga han til seg på sine visitasreiser, i tillegg til at han bytta med andre samlarar og institusjonar elles i Europa. Naturaliasamlinga i regi av Vitenskapsselskapet vart grunnlaget for det som er NTNU Vitenskapsmuseet i dag, med sine store samlingar både under Seksjon for arkeologi og under Seksjon for naturhistorie. På Gunnerus si tid vart samlinga til som ei krysning mellom aristokratiske raritetskabinett og snart framveksande vitskaplege naturaliasamlingar. Her er nokre døme på kva samlinga inneheldt: Land- og havsniglar frå Stillehavet, trådsølv frå Kongsberg, norske plantar og korallar. I tillegg vart det samla arkeologiske gjenstandar, såkalla oldsaker, og utstoppa fuglar.

Renovering og supplering med norske fuglar

Frå den første bibliotekaren vart tilsett, tok han seg av både boksamlinga og naturaliakabinettet, som hadde kvar sine rom på Trondhiem Latinskole (seinare katedralskole) i Harsdorffbygninga i Munkegata frå 1787. Med åra forvitra naturaliasamlinga, og i 1844 vart lækjaren Johan Heinrich Spachauer Siebke (1816-1875) engasjert for å gå gjennom samlinga og sjå kva som kunne gjerast med dei 5000 objekta. Mykje av Gunnerus sine naturalia hadde byrja å gå opp i støv. Sibke hadde sjølv samla fugle og insekt, som han selde til samlinga på Katedralskolen. Døme på desse fuglane er varslar og svartmeis.

Det victorianske opplysningsmuseet
Den første konservatoren for naturaliasamlinga Wilhelm Storm (d. 1913) vart tilsett i 1856. I Noreg stod nasjonalromantikken sterkt. I koplinga med industrialisering og teknologiutvikling vart samfunnssyn og synet på naturen endra. Slik gjekk også Storm i spissen for å modernisera naturaliasamlinga, med systematiske innsamlingar og Vitenskapsselskapet reiste ein heilt ny bygning for å husa bibliotek og museum. Bygningen vart tatt i bruk i 1868. (Utvida med Vestre og Nordre i 1876-78, og med Østre i 1896-97.) Jamvel om det vitskaplege aspektet ved museet vart styrka med Storm og den systmatiske innsamlinga av dyr frå regionen Midt-Noreg, vart det òg lagt stor vekt på å presentera eksotiske pattedyr og fuglar som han bytta til seg. Denne utstillinga var mynta på borgarskapet og den danna overklassa, og gjekk under nemninga det victorianske opplysningsmuseet. Byens borgarar likte det dei såg og brukte museet. I 1897 husa det òg den store jubileumsutstillinga i samband med 900-årsmarkeringa av grunnleggjinga av Trondheim. Eit vesentleg innslag der var portrettutstillinga av personar som representerte borgarskapet. I siste del av hundreåret vart òg arkeolog Karl Rygh tilsett. Inntil då hadde Storm tatt seg av både fornminnesamlinga, naturaliasamlinga og nye innsamlingar. Med Rygh vart avdelinga for arkeologi bygd opp. Seinare fekk Storm ein kollega i Foslie (d. 1909). Han var botaniker og kartla og systematiserte ei av endå i dag verdas største samlingar av kalkalgar.

Livet i havet

Biskop Gunnerus skreiv fleire artiklar knytt til livet i havet, som er referert i bibliografi over publikasjonar knytt til marinbiologien i Trondheimsfjorden frå 1763 til 2000. I 1890 byrja marinbiolog Ole Nordgård sine studiar i Trondheimsfjorden, og i 1905 fekk han stilling ved DKNVS Museet. Etter kvart fekk han ein kollega i Dons, som òg var marinbiolog. Saman bygde dei opp dei marine samlingane, og i 1919 skaffa museet forskingsfartyet M/K Gunnerus (den første). Med auka aktivitet vart Gunnerushuset utvida på nytt, med innflytting i 1905. Marinbiologiforskinga skaut fart i denne perioden, noko også opprettinga av stiftinga Trondhjem biologiske stasjon i 1900 vitna om.

Norsk natur
Naturaliasamlinga hadde alltid inneheldt norske artar, men i byrjinga representerte den berre brokkar av ulike område. I siste halvdel av 1800-talet vart den meir systematisk oppbygd. Fokuset på norsk natur vart styrka med etablering av dei marine samlingane, og denne prosessen kulminerte i rivinga av det victorianske opplysningsmuseet i 1958. Alt ved hundreårsskiftet hadde museet trekt naturen innom hus og bygd eit fuglefjell for å framstilla sjøfugl i sine naturlege omgjevnader. Femti år seinare vart dette tenkjesettet vidareført med byggjinga av ’fersk- og saltvatnakvariet’, og i 1960 fullendt med Trøndelagsdioramaet som synte sjøfugl, skogsfugl og fjellfugl, alle i sine naturlege omgjevnader. Erling Sivertsen som vart tilsett i 1936, forska på sel og ferskvatn. Det går ein raud tråd frå hans ferskvatnbiologiske undersøkingar særleg i samband med vassdragsregulering, til dagens oppdragsforsking i samband med naturinngrep generelt.

Det moderne museet – ut i naturen?
Prosessen med å bringa norsk natur inn i museet, først med objektet i fokus og naturen som kulisse, dernest med naturen som bilete og objekta som element i dette miniøkosystemet, heldt fram utover 1960- og 70-talet. Objektsamlingane vart erstatta av heilskap, og titteskapa vart kasta ut. Ein kan i dag undrast på om det ikkje er like naturleg å gå ut i naturen. Eit døme som kanskje tyder på ein prosess som fører ut i naturen, er Byen, bygdene og kunnskapen ved Vitenskapsselskapet sine invitasjonar til ugletur i skogen. Dei andre verksemdene til Vitenskapsmuseet har òg vorte forma i samspel med endringar i samfunnet elles. I tillegg har museet levert ekspertise og engasjement. Botaniker Olav Gjærevoll vart til dømes verdas første miljøvernminister. Sidan 1970-talet har fleire nye aktivitetsområde og oppgåver rot i museumsverksemda, knytt til både ressursforvalting og forsking.

Tekst: Unn Kristin Daling i samarbeid med Kaare Aagaard

 

Active Image
Sølvstuff
Foto: Ole Johnsen

Active Image
Hubro
Foto: Otto Frengen

Active Image
Bokfink 1833
Foto: Otto Frengen

Active Image
Paradisfuglar 1884
Foto: Otto Frengen

Active Image
Neseape
Foto: Otto Frengen

Active Image
Havliv utstilling
Foto: Otto Frengen

Active Image
Fuglefjell utstilling
Foto: Per Fredriksen

Active Image
Trøndelagsdiorama
Foto: Otto Frengen

Active Image
Flora Norvegica av
Johan Ernst Gunnerus

 
 

 

 
 
© 2006 DKNVS 2010