Etablering
Organisasjon
Verksemder
Prisar
Biografiar
Arkiv og brev
Utsmykking
DKNVS utoverretta verksemd

Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab (DKNVS) har alltid vore eit lukka selskap av innvalde medlemmar som måtte bli føreslått, vurdert og akseptert. Selskapet har likevel alltid hatt opne medlemsmøte, samt gjort innsats på fleire område for å spreia kunnskap og støtta vitskapleg arbeid, som forsking, studereiser og utgjeving av avhandlingar.

I fleire år har selskapet organisert seminarrekkja Byen, bygdene og kunnskapen, opprinneleg kalla Byen, bygdene og elven. Det har vore eit populært innslag blant mange kunnskapsinteresserte i Trondheim og omegn. Verksemda har vore administrert og drive av DKNVS ved Bjørn Sæther frå byrjinga av, ved byjubileet i 1997, fram til oktober 2010.

Ved inngangen til jubileumsåret 2010 lanserte  DKNVS i samarbeid med NTNU Vitenskapsmuseet og NTNU Infoavdelingen eit nytt populærvitskapleg prosjekt, kalla KUNNSKAPSBYEN. Dette formidlingsprosjektet er ei samanslåing av Byen, bygdene og kunnskapen og Lørdagsuniversitetet. Tiltaket koplast tett til markeringa av jubilea i 2010 ved NTNU (100 år) og DKNVS (250 år), og er frå oktober same året administrert av Arnfinn Stendahl Rokne ved NTNU Vitenskapsmuseet.

Ein vesentleg del av den utoverretta verksemda tidlegare, var høve til å nytta boksamlinga og til å sjå gjenstandssamlinga. Denne var eit resultat av og grunnlag for vidare vitskapleg aktivitet knytt til oldsaker (arkeologi) og naturhistorie (botanikk og zoologi). Seinare vart desse til bibliotek, og til museum som vart vidareutvikla som vitskapleg institusjon. I tillegg til prisutdeling til forskarar, fekk også Vitenskapsselskapet rolle som landhushaldsselskap som på vegne av Kongen av Danmark-Noreg delte ut premiar for modernisering av landbruket og for kulturell utvikling.

Tekst: Unn Kristin Daling og Turid Fredagsvik

  Active Image

Active Image

 

 

 
 
 
 
© 2006 DKNVS 2010