Biblioteket
Boksamlingar
Handskrifter
Mellomalder
Frå boksamling til bibliotek

Biblioteket til Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab er det eldste vitskaplege i landet. Med det vart grunnlaget lagt for Gunnerusbiblioteket, som i dag er ein del av Universitetsbiblioteket ved NTNU.

Det heile starta med at medlemmane som vart vald inn i vitskapsselskapet, måtte gje to bøker alternativt ti riksdalar, for innkjøp av bøker til boksamlinga. Mange medlemmar gav fleire bøker. Stiftaren av selskapet, Johan Ernst Gunnerus, bytta dessutan bøker med sine internasjonala kontaktar særleg i Tyskland, og i England. I tillegg vart fleire private boksamlingar etter kvart donert til selskapet. Desse hadde gjerne gått i arv, anten innan familiar eller via embetspostar.

Spesialsamlingane (historisk kjeldemateriale) ved Gunnerusbiblioteket

NTNU Universitetsbiblioteket

Tekst: Unn Kristin Daling

 

Active Image
Frå Spesialsamlingene til Universitetsbiblioteket
i Trondheim

Foto: Elin Sandbakk og
Unn Kristin Daling

 
 
 
 
 
© 2006 DKNVS 2010