Jubileumsbøkene
DKNVS jubileum 2010
Informasjon frå jubileumskomiteen:
DKNVS 250 år: Jubileumsfeiringa i 2010, ei kort oversikt Jubileumskomiteen som har planlagt 250-års jubileet for DKNVS i 2010, vart oppnemnd av Styret i 2005. Jubileumskomiteen: Professor Kristian Fossheim, visepreses i DKNVS, formann Professor Einar Aas, NTNU, nestleiar Generalsekretær Kristian Overskaug, DKNVS Visegeneralsekretær DKNVS, Per Ottesen Formidlingssjef Morten Steffensen, NTNU Vitenskapsmuseet Professor Lisa Lorentzen, NTNU Prosjektleder Bjørn Sæther, Byen, bygdene og kunnskapen Prosjektleder DKNVS, Maria Nordström, sekretær
Kongen kom HM Kong Harald, Selskabets Protektor, tok del i 250-årsjubileet.
DKNVS Jubileumskonferansar 2010: Med bidrag frå StatoilHydro og NTNU vart det lyst ut til konkurranse i norske vitskaplege miljø om støtte til to store internasjonale vitskaplege konferansar, ein på det humanistiske området og ein innan området naturvitskap/teknologi/medisin. Av i alt 11 innkomne forslag vart to bedømt til å vere av høgste kvalitet, eitt innan kvar kategori. Desse får status som DKNVS Jubileumskonferansar i 2010, med støtte på kr 500 000 kvar. Konferansane vart haldne i Trondheim, den eine i mars, den andre i juni 2010. Mars 2010: Naturvitskap/teknologi/medisin: Sustainable Conservation: bridging the gap between disciplines. Arrangør: Bernt-Erik Sæther og Gunilla Rosenqvist, Institutt for biologi, NTNU Rica Nidelven Hotel, 15.-18. mars
Juni 2010: Humaniora/samfunnsvitskap: Climate Change and Security. Arrangør: Ola Listhaug og Ragnar Torvik, Institutt for sosiologi og statsvitskap, NTNU. Nils Petter Gleditsch, International Peace Research Institute PRIO, Oslo (også knytt til Institutt for sosiologi og statsvitskap, NTNU). Quality Hotel Augustin, 21.-24. juni
Styringskomité for DKNVS Jubileumskonferansar i 2010: Professor Hanna Mustaparta, klasseleiar DKNVS naturvitskapleg klasse Professor Kristen Ringdal, klasseleiar DKNVS humanistisk klasse Forskingssjef Per Gerhard Grini, StatoilHydro Professor Britt Dale, NTNU
Under arbeidet med rangeringa fungerte Helge Holden som komiteformann i Hanna Mustapartas fråver.
DKNVS sitt jubileumsprogram:
Hyllest av universalgeniet Johan Daniel Berlin Den allsidige musikaren, komponisten, oppfinnaren, arkitekten og overbrannmeister Johan Daniel Berlin som høyrde med blant Selskabets første medlemer, blir via ein heil kveld med musikk komponert av Berlin, framvising av hans Monokord og andre av hans instrument, og framføring av hans biografi av professor i musikkvitskap Ola Kai Ledang. Frimurerlogen, 19.30 Boklansering (11.00) med vitskapleg miniseminar (13.15-17.00) Seminar i regi av Bokkomiteen, der både den internasjonale engelskspråklege boka Æmula Lauri (Brita Brenna, Magne Njåstad, Håkon With Andersen og Astrid Wale) og den norskspråklege boka Den lange linjen. Historien om Videnskabsselskabet i Trondheim (Arild Stubhaug) om DKNVS blir lanserte. Sjå omtale av desse prosjekta på nettsida for bokprogrammet. Gamle Festsal ved Trondheim Katedralskole, 11.00 Byen bygdene og kunnskapen, no Kunnskapsbyen Byen, Bygdene og Kunnskapen feira 13 år. Suhm-huset, 19.00 Gunnerusforelesingar I samsvar med tradisjonen i Selskabet vart det arrangert to Gunnerusforelesingar med framståande forelesarar dagen før Høgtidsdagen, i dette tilfellet torsdag 11. mars. Storsalen i Studentersamfundet, 18.00 Høytidsdagen Kransleggjing ved grava til Johan Ernst Gunnerus. Kyrkjegarden ved Nidarosdomen, 09.00 Opning av NTNU Vitenskapsmuseets jubileumsutstilling. NTNU Vitenskapsmuseet, 15.00, med HMK.
Avduking av skulptur Avduking av skulpturen Reflexions, som hyllest til både grunnleggjarane og Selskabet i høve 250-årsjubileet, samt gjenopning av den renoverte parken. Museumsparken på Kalvskinnet, ca. 15.30, med HMK.
Komite for reising av skulptur: Professor Kristian Fossheim, visepreses DKNVS, formann Kunstnar Leiken Vik, kunstnerisk konsulent, RSU Generalsekretær Kristian Overskaug, sekretær for komiteen Rådgjevar Ulrika Wallin Johansen, Trondheim kommune Byantikvar Gunnar Houen, Trondheim kommune Landskapsarkitekt Marit Danielsen, Trondheim kommune Professor Birgit Cold, arkitekt Professor Jan Brockmann Museumsdirektør Trix Scherjon, Nils Aas Kunstverksted Kunstnar Trine E Eidsmo, TEKS
Hoytidsmøte I samsvar med nyare tradisjon etablert i 2003 vart Høytidsmøtet i 2010 halde i Øysteinsalen i Erkebispegården på Høytidsdagen, med prisutdelingar og etterfølgjande festmiddag i Herresalen. Med HMK. Øysteinsalen i Erkebispegården, 18.00 Kunstutstilling Håkon Bleken, nye målari og kolteikningar frå gjennombrotet hans på 1970-talet. Trondheim Kunstmuseum, 11.00 Jubileumsfestforestilling Jubileumsfestforestilling med Liv Ullmann, Arve Tellefsen, Håkon Bleken, Mari Boine, Øyvind Brantsegg, Ella Fiskum, Gry Molvær, Nidarosdomens guttekor, Hans Petter Nielsen, Trondheim Symfoniorkester. Olavshallen, 19.30
Komité for jubileumsfestforestillinga: Professor Kristian Fossheim, formann Generalsekretær DKNVS Kristian Overskaug, sekretær Professor Kathrine Skretting Adm. direktør Harry Rishaug Professor Einar Johan Aas Festgudsteneste Festgudsteneste i Nidarosdomen med etterfølgjande kyrkjekaffi. Nidarosdomen, 11.00
Kunstutstilling Trondheim 1760 - byens gullalder. Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum, 13.00 Jubileumskonferansar * Sustainable Conservation: Bridging the gap between disciplines * Climate Change and Security Formidlingsprosjekt for elevar i dei vidaregåande skolane i Sør- og Nord-Trøndelag, i samarbeid med NTNU Vitenskapsmuseum.
| |
R E F L E X I O N S D K N V S |