Etablering
Organisasjon
Verksemder
Prisar
Biografiar
Arkiv og brev
Utsmykking
Organisert nettverk for vitskap og opplysing

Det Trondhiemske Selskab, for fremme av videnskaberne
Det heile starta i 1760 då Det Trondhjemske Selskab vart skipa. Det var biskopen i det nordafjelske Noreg (Romsdalen til Finnmark), Johan Ernst Gunnerus, som tok initiativ til dette første lærde selskapet i Noreg. Gunnerus vart tilsett som biskop i 1758. I hyrdebrevet la han fram eit program for vitskaplege studiar, der han også oppmoda prestane til å medverka i arbeidet for fremje av vitskapen.

Stiftarane
Til å byrja med framheva Gunnerus filosofi og historie, men snart vart han mykje oppteken av naturvitskap og på dei fire visitasreisene studerte han dyre- og plantelivet like vel som det åndelege livet. Humaniora hadde derimot sine talspersonar i kollegaene rektor Gerhard Schøning og etatsråd Peter Friedrich Suhm, som delte Danmark-Noreg mellom seg og skreiv kvar sin unionensdel si historie. Dei var båe sterke stønadsspelarar til Gunnerus sitt initiativ til Det Trondhiemske Selskab.

Opplysing og spreiing av kunnskap
Måla med selskapet var fremje av vitskap gjennom sosialt samkvem med andre intellektuelle i inn- og utland, samt opplysingsverksemd for å spreia kunnskap. Alt i 1761 vart difor Trondhiems Selskabs Skrifter etablert, der vitskaplege artiklar vart trykt og publisert. Eit anna mål knytt til opplysingstanken og som vitskapsselskapet arbeidde mot, var å få etablert eit universitet i Noreg parallelt med Universitetet i København, tenkt plassert i Kristiansand. Dei høgare utdanningane som fanst i Noreg på denne tida, var Den frie mathematiske skole i Christiania (1750) og Bergseminaret på Kongsberg (1757), den første i bergteknikk i Europa. I mangelen på eit universitet var likevel intellektuelle verksemder stort sett overlate til utdanna eller rike privatpersonar sine initiativ, og i 1760-åra var det dette Trondhiemske Selskab med lærde og velståande menn som var pådrivaren for eit universitet til i Danmark-Noreg. Det lukkast ikkje selskapet å få skipa eit norsk universitet, men då kongen endeleg gjekk med på etableringa av Universitet i Christiania i 1811, hadde selskapet medverka positivt til idéen og på sikt gjennomslag for den. Det nye universitetet i Noreg gav utdanning innan teologi, juss og medisin.

Internasjonalt preg
Gunnerus hadde studert og arbeidd i fleire land og knytta stadig fleire internasjonale kontaktar. Dette kom også selskapet til gode, både gjennom det nettverket som medlemmane utgjorde og i form av kunnskapsutveksling. Selskapet var også eit ledd i ein internasjonal trend, då fleire slike selskapsdanningar vart gjort ute i Europa på same tid. I norsk samanheng var altså Det Trondhiemske Selskab utypisk og ein spydspiss for fremje av akademisk verksemd, i europeisk samanheng representerte selskapet det typiske og var med det både resultat av like godt som medverka til gjennomslag for ny organisering kring kunnskapsverksemd.

Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab (DKNVS)

I 1767 vart Det Trondhiemske Selskab kongeleg approbert. Selskapet fekk då namnet Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab og eigne segl.

Vitskapsselskapet si verksemd i dag: www.dknvs.no

Kjelder:

Monica Aase: "Det kongelige norske videnskabers selskab; Brevregistrant 1760-1860", Universitetsbiblioteket i Trondheim, Spesialsamlingene, Katalog 14, Trondheim 1991

Grethe Authén Blom: Det kongelige norske videnskabers selskab (DKNVS). Riss av Selskabets historie 1760-1985, DKNVS, Trondheim 1985

Ida Bull: Trøndelags historie, bd. 2, Trondheim 2005, s. 378-381

Hans Midbøe: Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs historie 1760-1960, DKNVS, Trondheim 1960

Tekst: Unn Kristin Daling

 

Active Image
Gunnerus

Active Image
Suhm

Active Image
Schöning
 
 
 
© 2006 DKNVS 2010