Bevaring

Det er mykje arbeid og ofte tidkrevjande prosessar som ligg bak konservering, preparering og bevaring av bøker, foto, arkiv, dyr og gjenstandar. Slike arbeid føregår til dømes ved NTNU Universitetsbiblioteket og ved NTNU Vitenskapsmuseet. Jubileumsveven er ein formidlingskanal og har til ein viss grad medverka til påskunding av nye bevaringsprosessar i form av digitalisering. Mange gamle kjelder gjerast her tilgjengeleg i samband med DKNVS sitt 250 årsjubileum, i ein kombinasjon av gamal opplysingsånd i ny drakt. Digitalisering av kjelder og foto har i hovudsak vorte gjennomført ved Gunnerusbiblioteket, samt noko ved Seksjon for arkeologi på Vitenskapsmuseet. I tillegg har Statsarkivet i Trondheim digitalisert interessant materiale frå Nidaros Bispearkiv, med vekt på visitasprotokollar og kopibøker knytt til Johan Ernst Gunnerus si tid som biskop i Trondheim i perioden 1758-1773.

 
 
© 2006 DKNVS 2010